Dora gav gode råd og konkrete reiskap til korleis skape ein nær, kjærleg og slitesterk relasjon til barn. Ho kom og med konkrete råd som er aktuelle i andre relasjonar; parforhold, venner, på arbeidsplassen etc.

  1. Evna til å møte andre er avhengig av korleis me har det med oss sjølv.
     
  2. Det gir ein magisk effekt å starte setningar med «Eg»: «Eg tenkjer at…» , «Eg vil at…» det er tydeleg og då tek du ansvar for kva du seier. Unngå å bruke «du, man, vi», det provoserer og er irettesettande.
     
  3. Ver tru mot deg sjølv og ver tydeleg på eigne grenser: «Eg vil gjerne», «Eg vil ikkje». Det gir ikkje rom for tolking. Du er innom deg sjølv, det er indrestyrt og genuint. For å kunne hjelpe andre må du ha det godt med deg sjølv.
     
  4. Skil sak og person og anerkjenn kjensler. Å tole barna sine kjensler er ubetinga kjærleik i praksis. Set ord på kjenslene: «Eg ser at du er sint, men eg vil ikkje at du slår systera di».
     
  5. Fortel kva du vil og unngå å bruke ordet «ikkje» i starten av setninga. «Eg vil at du skal kome heim».
     
  6. Me vaksne er rollemodellar. Barn gjer som me gjer og ikkje som me seier. Obs dersom me brukar mykje tid på telefonen sjølv.
     
  7. Har barn god sjølvkjensle (liker seg sjølv som dei er) vil dei stå stødig i livet og tole store orkanar, vaksne må bygge opp sjølvkjensla og ikkje sjølvtilliten til barna: «Det er ikkje kva eg gjer som avgjer min verdi - men den eg er».

Her kan du sjå opptak av føredraget: