Innbrotet skjedde 5. mai. Hendinga vart raskt oppdaga, men uvedkomande kan ha fått tilgang til informasjon som namn, adresse og fødselsnummer for tidlegare- og eksisterande eigarar, samt festarar og eigarar av burettar. Personar med fortrulege adresser og/eller skjerma bygg er ikkje omfatta av hendinga, skriv Norkart i ei pressemelding.

Norkart opplyser at sårbarheita i systemet er retta opp. Selskapet har politimeldt datainnbrotet, som no er under etterforsking. Sogndal kommune reknar med at innbyggarane i kommunen kan vera råka, sjølv om me ikkje har fått noko melding om det. Kommunen melder avvik til Datatilsynet. Tenestene frå Norkart som Sogndal kommune nyttar, fungerer.

Ifølgje selskapet er det ikkje teikn til at nokon har prøvd å misbruka opplysningane som er på avvege, men Norkart oppmodar folk til å vera ekstra merksame på forsøk på svindel og ID-tjuveri.

Råd frå Datatilsynet for å unngå misbruk av personopplysningar: Hvordan forebygge og oppdage identitetstyveri? | Datatilsynet