Kurset er eit tilbod til deg som har eit familiemedlem, ein ven eller kjenning med demenssjukdom. Minnesvikt og endra veremåte er vanlege symptom ved demenssjukdommar. Gjennom førelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demenssjukdommar, og kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens og for deg som pårørande. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Kursinnhald:
-
Pårørandeforteljing
-
Sjukdomslære - fastlegen si rolle
-
Kommunikasjon med personar som har demens
-
Hjelpemiddel, tilrettelegging i heimen og velferdsteknologi
-
Tilbod i kommunen i regi av offentlege og frivillige organisasjonar
-
Erfaringsutveksling
Praktisk informasjon om kurset:
Dato for kurs i 2023 er ikkje bestemt. Kurset går over 5 samlingar, og kvar samling varar ca. 2,5 time.
Samlingane inneheld dagens tema, matpause og samtale med utgangspunkt i dagens tema eller om demens generelt.
Ved spørsmål kan du ringe:
95893641 (Frisklivssentralen)
40410786 (Hukommelseteamet Sogndal/Balestrand)
48954941 (Hukommelseteamet Leikanger)
48253698 (Hukommelseteamet Luster)
Gode nettsider:
Pårørande demens- aldring og helse