Frist for å gje innspel til varselet om oppstart er 18.08.2025.

Planinitiativ og oppstartsmøtenotat

Planinitiativet er ei enkel og førebels forklaring på kva framleggsstillar ønskjer å legge til rette for i detaljreguleringa. I oppstartsmøtenotatet ser de korleis planinitiativet er vurdert av planavdelinga i kommunen, og kva kommunen vil vurdere når utkastet til reguleringsplanen vert sendt inn til politisk handsaming. 

Planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å vidareutvikle hotell- og sentrumsområdet g/bnr. 224/100 m.fl. til å omfatte forretningsareal, kontor og bustadar. Dette er i samsvar med føresetnadane i framlegg til ny arealdel for Sogndal kommune.

Planavgrensinga ved oppstart av planarbeidet er på nær 30,5 daa og omfattar arealet som er sett av til sentrumsføremål i framlegg til ny arealdel for Sogndal kommune. Vidare omfattar planområdet areal til friområde både på sørsida og nordsida av sentrumsføremålet. Det er også teke med vegareal langs Rv. 13 for å avklare trafikktilhøve gjennom planprosessen.

For fleire detaljar og informasjon om kva som skal undersøkast i planarbeidet, sjå planinitiativ datert 12.05.2025 og notat frå oppstartmøte med administrasjonen 16.06.2025 datert 04.07.2025.

Forhold til overordna planar

I gjeldande arealdel til kommuneplanen er det aktuelle arealet for utbyggingsføremål avsett til næringsverksemd, medan dei aktuelle friluftsområda er avsett til friområde.

I framlegg til ny arealdel til kommuneplan er det aktuelle arealet for utbyggingsføremål avsett til sentrumsføremål. Med atterhald om at ny arealdel vert vedteken slik, er det vurdert at dei aktuelle føremåla for denne reguleringsplanen er i samsvar med framlegg til ny arealdel til kommuneplanen/ overordna plan.

Konsekvensutgreiing:

Det er vurdert at planinitiativet kan gjennomførast utan eigen konsekvensutgreiing. Denne vurderinga er basert på at den nye kommuneplanen blir vedteken slik den ligg føre no. Om sentrumsføremål må reduserast og det framleis er ønskje om å bygge ut området kan det kome krav om KU.

Det er gjort konsekvensutgreiing i samband med utarbeiding av ny kommuneplan, denne skal leggjast til grunn og omsynet til naturmangfald, konsekvensar og avbøtande tiltak blir framleis sentrale tema under planarbeidet.

Vidare prosess

Etter at merknadar er mottekne frå innbyggarar, myndigheiter, organisasjonar med meir skal plankonsulent vurdere merknadane. Deretter vil det bli utarbeida eit konkret forslag til korleis planområdet kan nyttast og byggast ut. Planforslaget vil bli politisk handsama i utval for plan og samfunn, og deretter lagt ut på høyring. Alle som er del av planområdet eller nabo til planområdet vil få brev når planforslaget er på høyring. Det er viktig at alle som har merknadar til planarbeidet sender inn desse så tidleg som mogleg. Om de har tankar om kva som skal takast omsyn til bør det sendast inn som merknad allereie no.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til:

Plankonsulent: Cornelis Erstad
Tlf.: 410 43 715
E-post: cornelis.erstad@norconsult.com

eller sakshandsamar og arealplanleggar i Sogndal kommune:

Maria Judith Aaberge
Tlf.: 476 00 207
E-post: maria.judith.aaberge@sogndal.kommune.no  

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du tilskriv:

Norconsult AS
v/Cornelis Erstad
cornelis.erstad@norconsult.com
Campus Fosshaugane
Trolladalen 30
6856 Sogndal

Innspel til varselet om planoppstart må sendast skriftleg innan 18.08.2025.