Før førehandsrøystinga tek til 10. august, har Valdirektoratet sendt ut valkort til alle som kan røysta. I år er valkorta sende ut digitalt. 

Å få valkortet er fyrst og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved årets stortingsval. I tillegg finn du nyttig informasjon om valet på valkortet. Digitale valkort kan brukast direkte på mobiltelefonen, og dei er ikkje nødvendige å skriva ut. Du må ikkje visa valkortet når du skal røysta, men det gjer sjølve røystegjevinga enklare og raskare.

Det einaste du må ha med deg er legitimasjon med fullt namn, bilete og fødselsdato. Har du dette, så får du røysta.

Det er mogleg å røysta i heile landet fram til 10. september. På valdagen må ein røysta i kommunen der ein er folkeregistrert.

Blir sendt til di digitale postkasse og du blir varsla med SMS

Alle som får valkort digitalt, blir varsla om dette med ein SMS. Dei som brukar Digipost eller E-boks, finn valkortet sitt der. Dei som ikkje har ein digital postkasse, får tilgang til valkortet via valg.no eller på Altinn.

Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, får framleis valkortet tilsendt på papir.

Totalt blir det sendt ut over 3,5 millionar digitale valkort og ca. 300 000 valkort på papir.

Les meir om digitale valkort på valg.no