Onsdag opna ho samlinga for leiarar, tillitsvalde og verneombod i kommunen på Quality Hotel Sogndal, og torsdag var ho på plass på Fylkeshuset under opninga av møtet i kommunestyret.

Varaordførar Vibeke Johnsen representerte kommunen då Gunn Marit vart overraska med draumestipendet frå Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd 7. juni.

- Gunn Marit Kvåle kjem frå ein særs musikalsk familie, er sjølv både dyktig og målretta, og vart altså nominert til Draumestipendet 2020. Det var artig å sjå kor overraska og glad ho vart då ho kom til det ho trudde var ein liten spelejobb i Sogndal kulturhus, og vart møtt med jubel, konfetti og gratulasjonar frå både kjende - kulturskulerektor Roar Sandnes, familie og vener - og ukjende frå Norsk Tipping, Draumestipendet og Norsk kulturskuleråd Vest. Eg overrekte blomar og gratulasjon frå Sogndal kommune. Så har me starta ein tradisjon med å opna alle kommunestyremøta med eit kulturinnslag, og det var kjekt å ønskja Gunn Marit velkomen til kommunestyret 18. juni, seier Johnsen.

Draumestipendet består av hundre stipend på 15.000 kroner, til saman 1,5 millionar kroner. Dette er 17. året stipendet vert delt ut, og 445 unge kunst- og kulturutøvarar var nominerte til Draumestipendet 2020.

Presentasjon av årets draumestipendmottakarar kan du sjå på nettsida drømmestipendet.no.