Målet med "Eigenberedskapsveka 2022", som blir gjennomført 31. oktober til 6. november, er å gjera oss betre rusta til å stå imot kriser. 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) rår alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betra eigenberedskapen. På Sikker kvardag | Sikkerhverdag finn du konkrete råd frå DSB til alle som bur i Noreg. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klara deg i minst tre døgn. Du har truleg alt mykje av det du treng, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine nærmaste blir litt betre førebudde.

DSB on Vimeo.

Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?

Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av alt kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føra til at kritisk infrastruktur blir borte - som til dømes straum, vatn og mobilnett.

Me som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Me er avhengige av mange tenester og funksjonar i dagleglivet, og dette gjer oss sårbare.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar skje også hos oss. Og dersom me blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Ved å vera budd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Brosjyre: Du er en del av eigneberedskapen i Noreg (pdf)

Information about self-preparedness in other languages

Slik lagrar du vatn | Sikkerhverdag