DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap. Dei har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar som du kan lesa på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klara seg heime i minst tre døgn (72 timar).

Kvifor eigenberedskapsråd?

Ekstremvêr kan føra til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett.

I tillegg er me som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar me er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.

Ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og om me blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

Ved å vera førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Brosjyre, norsk (PDF)

Brosjyre, engelsk (PDF)

Brosjyre, somalisk, arabisk, polsk (PDF)