Oppdatering 07.04.2021: Det er påvist 1 ny covid-smitta i Sogndal kommune. Vedkomande er smitta som nærkontakt etter smittetilfellet ved Sogndal skisenter. Ingen nye personar er sette i karantene.

Oppdatering søndag 04.04 kl. 21.30:
Smittevernlege Leiv Erik Husabø orienterer om at alle nærkontaktane frå i går hadde negative testar. Så langt me kjenner til er saka knytt til Hodlekve eit enkelttilfelle og ikkje eit utbrot. 12 nye personar er testa i dag. Me ventar svar på desse testane i morgon eller tysdag.

Laurdag 03.03:
Det er påvist ein smitta av Covid-19 i Sogndal kommune laurdag. Smitten kjem frå Bergen. Det vert arbeidd med smittesporing.

Vi har teke 16 hurtigtestar av nærkontaktar, alle var negative.  Om lag 20 personar er sett i karantene.   

Den smitta var på arbeid i Dalalåven 1. og 2. april.   

- Vi legg til rette for å kunne gjennomføre fleire testar i løpet av påskehelga. Vi har låg terskel for testing og oppmodar alle som har vore i Dalalåven 1. eller 2. april og har symptom på sjukdom til å bestille test på www.C19.no.  Ved spørsmål om akutt sjukdom må ein ta kontakt med legevakta, sier smittevernlege Leiv Erik Husabø. 

Kommunen oppmodar alle om å følgje smittevernreglane.