Ein vaksen person i Sogndal fekk 14. oktober påvist smitte og vart sett i isolasjon.

Tre nærkontaktar vart sette i karantene og testa. Alle dei tre fekk torsdag negativt svar på testen.

Sogndal kommune har kontroll på smittesporinga, og smitten har skjedd utanfor kommunen.

Kommunelegen oppmodar framleis alle om å følgja reglane om å halda avstand og god handhygiene, og å halda seg heime ved symptom på luftvegssjukdom.