Kvart år tek me imot mange sommarvikarar i tenestene våre. Mange er helsefag- eller sjukepleiarstudentar, andre er i starten av studieløpet eller nysgjerrige på om helse og omsorg kan vere rett veg vidare. Felles for dei fleste er ønsket om ein sommarjobb som gir meir enn berre timar på CV’en.
Kva kan du jobbe med?
Som sommarvikar hjå oss kan du jobbe innan fleire delar av helse og omsorg, til dømes:
- Sjukeheim
- Heimeteneste
- Bu- og miljøtenester
- Psykisk helse og rus
- Legekontor
Du blir ein del av eit lag, jobbar tett på folk og får oppgåver som gir innsikt i både fag og kvardag i tenestene. Me sørgjer for opplæring, både felles og på arbeidsplassen, slik at du kjenner deg trygg i rolla.
Verdifull erfaring å ta med seg vidare
Ein sommarjobb i helse og omsorg gir erfaring som er direkte relevant for vidare studium og yrkesliv.
Du får jobbe med menneske, samarbeid, ansvar og faglege vurderingar i praksis. Mange av dei som har vore sommarvikarar hos oss kjem attende seinare som tilkallingsvikarar, studentar i praksis eller faste tilsette.
Dette er erfaring som tel, både i studieløpet og vidare i arbeidslivet.
Livet utanom jobb
Ein sommar i Sogndal handlar ikkje berre om jobb. Her har du fjord og fjell tett på, med moglegheiter for toppturar, bading, sykling, padling eller rolege kveldar nede ved fjorden. Sogndal er òg ein studentkommune med liv, aktivitetar og møteplassar gjennom sommaren.
Som sommarvikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp. Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for studentar over 18 år som har sommarjobb i Sogn.
Opplegget passar særleg godt for deg som ikkje bur her til vanleg og kjem til regionen for sommaren og ønskjer å bli kjend med både arbeidslivet, menneska og moglegheitene her. Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her.
Litt praktisk
Me legg til rette for opplæring og tett oppfølging. Arbeidsstad kan vere i Sogndal, Leikanger eller Balestrand. Du får lønn etter gjeldande satsar og relevant utdanning.
Kanskje er dette sommaren for deg?
Om du ønskjer ein sommarjobb der du lærer mykje, får ansvar og kjenner at arbeidet betyr noko, håpar me du vil sjå nærare på stillingane våre for sommaren 2026. Og kjenner du nokon fleir som du tenkjer vil vere interessert, tips dei gjerne!
Nedanfor finn du lenker til alle ledige sommarvikariat i helse og omsorg i Sogndal kommune. Me håpar å høyre frå deg!
Desse ferievikarstillingane kan du velge mellom - og det er lov å søkje på fleire enn ein.
Sommarvikarar, fysioterapi- og ergoterapistudentar
Sommarvikarar, Prestahagen omsorgsbustad
Sommarvikarar kjøkken, Sogndal helse- og omsorgssenter
Sommarvikarar, Sogndal helse- og omsorgssenter
Sommarvikarar på Leikanger, sjukeheim, heimetenesta og kjøkken
Sommarvikarar i Balestrand, sjukeheim, heimetenesta, vaskeri og kjøkken
Sommarvikar i heimetenesta i Sogndal
Sommarvikar/vikar i psykisk helse og rus
