Det vil no vera dyrare å parkera ved køyring opp Trolladalen, eller kva det vil vera i Nedrehagen P-hus, ute på Ingafossen og på grusplassen under Tribundebygget på Ingafossen, som alle har tilkomme frå Fjærlandsvegen.

Skiltavlesing

I parkeringshuset på Campus (P-hus S2, P-hus Lines og P-hus Eplekjellaren) vert det innført automatisk skiltavlesning med kamera med oppstart frå 15. oktober. Kjennemerka til køyretøya vil bli registrerte elektronisk ved inn- og utkøyring av parkeringsanlegget. For meir informasjon: Parkering i P-hus Campus

Kjøp av årskort

Årsskort for parkeringsområda på Campus, med unnatak av P-hus Campus (der det er skiltavlesing), kan du kjøpa i Easypark-appen. Det vert ikkje lenger sal av fysiske årskort på innbyggartorget på kommunehuset for dette området frå 1. oktober. Bedrifter som ønskjer kjøp av årsskort mot faktura, kan få dette via EasyPark direkte.

Studentar som ynskjer å kjøpa årsskort, kan gjera detta via EasyPark-appen, etter å ha vore innom tenestetorget på kommunehuset og framlagt studentkort/-bevis.

Årsskort for P-hus Campus inne (der det er skiltavlesing), kan berre kjøpas på www.parkpay.no. (NB: Årsskort kan ikkje nyttast i P-hus Lines)

Alle parkeringskorta som er selde før 1. oktober 2023, vil gjelda som før til dei går ut på dato. Desse blir lagde inn i eiga liste over køyretøy som har parkeringskort. Om du har parkeringskort og får tilsend faktura for parkering, ta kontakt med Frode Aas på veg og parkering i Sogndal kommune.

NB! Smartpark-brikker, som vert utfasa ved nyttår, kan ikkje nyttast inne i P-hus Campus frå 15. oktober.

Prisliste

Sogndal kommunestyret vedtok i møtet 15. juni 2023 nye prisar for parkeringsområdet til Fosshaugane Campus, som gjeld frå 1. juli 2023: Easypark - parkeringssoner og takstgrupper