Sogndal kommune har som mål å vera ein open kommune, og me er glade for at me no får ei løysing som gjev journalistar og andre enklare tilgang til dokumenta på postlista.

Slik postlista til kommunen er i dag, må ein bestilla dokumenta og få dei tilsende på e-post. I den nye løysinga, som vil vera tilgjengeleg på nettsida frå 5. januar, vil ein få direkte tilgang til dokumenta. Dokument som ikkje er offentlege, vil ein ikkje kunne opna. Slike dokument lyt ein framleis be om innsyn i.

Endringa av postlista fell saman med innføring av nytt sak- og arkivsystem i Sogndal kommune. I overgangsperioden til det nye systemet, frå 20. desember og fram til den nye løysinga er i drift, vil det difor ikkje bli lagt ut oppdaterte postlister på nettsida til kommunen. Post frå denne perioden vil bli lagt inn i postlista når det nye systemet er klart. Dersom du ynskjer innsyn i saker i denne perioden, kan du retta ein førespurand på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no.