Bli med på ein kjekk og lærerik kveld arrangert av helsetorget. Arrangementet vil gi nyttig og oversikteleg informasjon om kva tilbod og ressursar som finst lokalt. Du får vite kven du kan ta kontakt med – og korleis du enkelt kan nytte deg av tenestene. Fagpersonar frå ulike kommunale tenester vil være til stades for å dele kunnskap og erfaring om korleis ein kan leggje til rette for ein tryggare og enklare kvardag. Målgruppe: 65år + og deira pårørande.

Fagpersonar som vil delta med foredrag:

  • Frisklivssentralen – ein god alderdom
  • Ergoterapeutar – tilrettelegging i heimen
  • Bustadsosialt team - tilskotsordningar til aldersvenleg oppgradering av eigen bustad
  • Psykisk helseteam og rask psykisk helsehjelp – lågterskeltilbod i kommunen
  • Sogn brann- og redning - brannforebygging i heimen
  • Klinisk ernæringsfysiolog - råd og veiledning om ernæring for eldre
  • TryggEst – vald mot eldre/risikoutsatte vaksne og informasjon om tilbodeet.

Sværefjorden Bygdekvinnelag og Balestrand Frivilligsentral stiller med enkel servering. Det blir sett av tid til samtale og spørsmål.

Arrangementet er gratis. Ingen krav om påmelding.

Fagkvelden blir arrangert av to sjukepleiarstudentar frå Høgskulen på Vestlandet i samarbeid med Sogndal kommune – Helsetorget

Ved spørsmål ta kontakt på SMS på telefonnummer 90 70 42 98 

Plakat (pdf)