- Veit de kven dette er, spør Kirsti Lunde, leiar i Sogndal mållag, og held opp eit bilete av Ivar Aasen. Ho fortel barnehagebarna om Aasen og nynorsken og viser fram «bursdagsbarnet» i form av ein plakat ho har laga med utdrag frå språkbruksplanen til kommunen.

Les og syng på nynorsk

Så syng alle bursdagssongen – på nynorsk, sjølvsagt. Ungane tykkjer Ivar Aasen er skrekkeleg gammal, men nynorsken har dei eit nærare forhold til. Ingebjørg Breisnes, styrar i Nybø barnehage, fortel at dei er medvitne på å lesa og syngja på nynorsk med barna i barnehagen. Ho vedgår at det er ei utfordring at mange av dei populære bøkene som ungane gjerne vil høyra, er på bokmål, men trekkjer fram biblioteket og det lokale forlaget, Skald, som viktige støttespelarar i arbeidet med å finna gode alternativ på nynorsk.

Fyller to år

Invitasjonen til den litt annleise bursdagsfeiringa kom frå Sogndal mållag, som ville markera at språkbruksplanen til kommunen fyller to år. Det lokale mållaget var med i arbeidet med å utforma språkbruksplanen. Der står det mellom anna at det er viktig at kommunen er med på å gjera dei unge til trygge nynorskbrukarar, gjennom gode nynorske språkmiljø frå barnehagen og heilt opp til vidaregåande skule.

Difor passa det å leggja feiringa til ein barnehage, og ungar og vaksne tok godt imot representantane frå mållaget og kommunen. Fruktfata som mållaget hadde med, var svært populære. Barnehagebarna runda av festen med å framføra ein song på nynorsk – henta frå plata «Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar» med Lena Skjerdal og bandet Kråkebollane.

- Bra med påminning

Varaordførar Vibeke Johnsen tykte det var ei veldig fin stund i barnehagen.

- Det var veldig kjekt og nyttig å ha ei slik feiring. Sjølv om det for mange i kommunen er naturleg å skriva nynorsk, er det alltid bra å få ei påminning om at godt språk er noko me må vera medvitne på og jobba for kvar dag. Me fekk gode innspel frå barnehagen og mållaget, som me tek med oss, mellom anna at me i endå større grad kan hjelpa barnehagane å finna nye, gode bøker på nynorsk. Eit anna godt forslag var at me kan samla nynorske tekstar på songar og regler, slik at alle barnehagane har dei lett tilgjengelege, fortel ho.

Varaordføraren takkar mållaget for invitasjonen til bursdagsfeiringa.

- Me i kommunen set pris på å ha eit aktivt mållag, som ynskjer å bidra til at Sogndal kommune klarer å oppfylla måla me har sett oss i språkbruksplanen.

Sjå òg: Språkbruksplan for Sogndal kommune