To personar pratar saman.
Clara Øberg (Ap), leiar for utval for plan og samfunn og Åsmund Veigel Gaukstad, tenesteleiar for plan og forvaltning. (Foto: Mariann Skau)

Kurset, som vart halde på Leikanger sist veke, hadde som mål å gje deltakarane god forståing for skiljet mellom juss og politikk innan plan- og bygningsretten, og betre forståing for ansvars- og oppgåvefordeling mellom administrasjon, politikarar og utbyggarar.

Clara Øberg (Ap), leiar for utval for plan og samfunn, meiner ei slik opplæring er heilt nødvendig og  at den innsikta dei fekk, vil fremja kommunikasjonen mellom politikarar og administrasjon.

- Eg trur det er sunt for oss å høyra bodskapen i lag, og der me kan få diskutera med kvarandre utifrå kvar vår ståstad, seier Øberg.

Ho anbefaler at denne opplæring blir gitt tidleg etter kvart val.

- Eg trur det vil vera med på å luka ut potensielle misforståingar, og at dette vil fremja forståinga for kvarandre sitt felt, seier Øberg, og opplyser at initiativet til ein slik felles opplæringsdag kom frå utval for plan og samfunn og kommunalsjefen i lag.

Kurset vart halda av Nikolai K. Winge i firmaet Holth & Winge AS, og tok føre seg dei det mest sentrale av det lokalpolitikarar må kjenna til for å kunne gjera forsvarlege vedtak med heimel i plan- og bygningslova og tilstøytande område. I løpet av samlinga skulle deltakarane også identifisera og diskutera utfordringar og løysningar.