Me tok turen til tinghuset, for å intervjue den nye ordføraren for Sogndal kommune. Etter å ha venta i ei lita stund i resepsjonen, kom ordføraren med dei snille augene til syne.

Han møtte oss med eit fast håndtrykk og eit lurt smil om munnen. Me blei med han inn på kontoret, og sette oss til rette på stolane ved pulten hans.

Me gjekk rett på sak, og ville vite litt om personen Arnstein Menes. Den 43 år gammle Arnstein Menes bur i Balestrand på ein liten stad kalla Menes. Han er gift og har 6 barn.

Fritida si brukar han godt. Me blei overraska over alt denne mannen har tid til.

Arnstein går ofte på tur med familien sin på fjellet, fortel han. Når det er sesong for det, tek han med seg geværet ut og reiser på hjortejakt.

- So spelar eg fotball når eg får tid til det.

- Ein hobby det ikkje har blitt so mykje tid til det no som eg er ordførar, er å spela bridge.

Kvifor syns du jobben som ordførar høyrdes spennande ut?

Dette spørsmålet var ikkje vanskeleg å svara på for Menes. Det som heilt klart var viktigast for han, var å bidra til at kommunen vår skal vere ein bra plass å bu.

Me spurde Menes om kva eigenskapar han har som gjer han til ein god ordførar. No måtte han tenkja seg litt betre om. Som ordførar meiner Menes at det er viktig å vere god å snakke med folk, å vere tolmodig er også eit pluss. Å lese papir er ikkje det kjekkaste han veit om, men det må til. I ordførarjobben må ein løyse vanskelege sakar og jobbe med høge tal.

Har du nokre mål for barn og unge i den nye kommunen?

- Det er viktig å få med ungdommar frå heile Sogndal kommune.

Kommunen har funnet ein lur måte å få dette til på.

- Eg har lyst til å bruka ungdomsrådet til å fortelja meg om kva ungdomar er opptekne av og kva dei har lyst å finna ut å få til.

Menes er representant for Sp, derfor var me interesserte i å vite kva dei i Sp gjer for miljø og klima. Her høyrde me at han blei ekstra engasjert.

- Me har laga ei politisk plattform, i lag med SV som er det andre partiet me styrer med.

Desse to partia har sett miljø og klima høgt på lista. Dei skal laga ein miljø- og klimaplan. FNs berekraftsmål er også med i bilete.

- Heilt konkret handlar det om å få fleire til å bruka meir kollektivtransport å legge til rette for gang- og sykkelvegar.

Har du opplevd eller gjort noko som ikkje so mange veit om?

Me visste jo no at Menes var ein sporty type, så det kom ikkje som ein stor overraskelse då han fortalte at han hadde vore på Store Skagastølstind, det høgste fjellet i Sogn.

- Eg og kona mi var der det året me skulle gifte oss, Menes høyrdes nøgd ut då han fortalte oss dette

Det stoppa ikkje der, han har også jobba fem år i militæret, i indre Troms.

- Der var det veldig kaldt.

Det trudde me på, fordi han fortalte at det kunne bli opp til 37 minusgrader i leiren.

- Då er det sånn at boblejakka knirkar, sa han og lo godt.

Me avslutta intervjuet med eit litt annleis spørsmål.

Kva hadde du gjort om du fekk 5 millionar kroner?

- Først hadde eg betalt ned lånet mitt på huset, deretter hadde han delt resten av pengane på ungane sine, sa den gode faren Arnstein Menes.

Sjølv om han ikkje har dessa pengane, har han alt han treng og lever eit veldig fint og godt liv, sa han til slutt.


Ved Leikanger ungdomsskule har dei intervju på temaplan i norsk for 8. steget. Dette er ein del av partnarskapsavtalane dei har med ulike bedrifter og institusjonar i kommunen. I førekant får elevane undervisning i sjangeren intervju, der dei går grundig gjennom korleis eit intervju skal gjennomførast. Elevane jobbar med spørsmål, og dei er sjølve ansvarlege for å kontakta og avtala tid med intervjuobjektet. Intervjua vart gjort før vinterferien.