Totalt har 20 personar i Balestrand testa positivt dei siste dagane.

Kommunen har vore i dialog med utbrotsgruppa til Folkehelseinstituttet, og rådet derfrå er å halda skule og barnehage ope.

- Kommunen følgjer dei råda me har fått frå Folkehelseinstituttet. Dei viktigaste tiltaka for å stogga smitten er at folk følgjer dei generelle smittevernråda som er å vaska hender, vera heime dersom dei er sjuke og testa seg, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Smittevernlegen rosar folk i Balestrand.

 - Folk gjer det dei skal i den situasjonen me no har. Det at me får melding om nye smitta, betyr at folk testar seg, seier han.

Totalt har 23 personar testa positivt på korona i kommunen dei siste dagane. I tillegg til utbrotet i Balestand, har tre personar i Sogndal testa positivt. For desse tre er det kjend smitteveg utanfor kommunen.

Sjølv om smitten som venta spreier seg blant dei yngste som ikkje er vaksinerte, er det også vaksne som har vorte sjuke. Kommunen oppmodar dei som enno ikkje har vaksinert seg, om å gjera det.