See this text in English

Alle dei fem testa negativt den dagen dei gjekk i karantene i forrige veke og har blitt positive medan dei har vore i karantene.

- Det viser kor viktig det er å setja nærkontaktar i karantene, sjølv om desse testar negativt. At dei som no er vorte sjuke har sete i karantene, syner at det har vorte gjort eit godt smittesporingsarbeid, men også at den første som vart smitta gjorde det som var rett med å testa seg, slik at me kunne finna dei andre så raskt som mogleg, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Etter dei fem positive testsvara som kom tysdag, er det no 14 isolerte og 19 personar i karantene i Balestrand.

Husabø understrekar at forutan det første tilfellet, har alle dei smitta i utbrotet i Balestrand kjend smitteveg.

- Utbrotet er avgrensa, og ingen er alvorleg sjuke, opplyser han.

Kommunen er i tett dialog med Folkehelseinstituttet, og vurderinga er at det ikkje er naudsynt å setja i verk ytterlegare tiltak i kommunale institusjonar slik situasjonen er no.