Måndag, som var aller første reisedag som minister, var han innom kommunane Sogndal og Stryn.

- Eg la sterke føringar for kvar eg skulle, sa Sande, som meinte det var viktig å byrja på heimtraktene.

Sande er busett på Vereide i Gloppen kommune og tok over som kommunal- og distriktsminister 16. oktober.

I Sogndal fekk han mellom anna møta ordførar Stig Ove Ølmheim, kommunedirektør Tor-Einar Skinlo og utfordrar Joakim Systaddal. Dei fortalde ministeren om ein distriktskommunen i vekst, arbeidet med tillitsreforma og bygdevekstprosjekt for å samla regionen til eitt lag.

- Eg trur de jobbar veldig rett, som eit regionsenter som tenkjer på omlandet sitt, sa Sande.

Han vart i Sogndal mellom anna utfordra på behovet for å finna smidigare måtar å jobba saman på - på tvers av forvaltningsnivå - ei utfordring han tok med seg.

- Det er spennande å sjå på korleis me kan gjera prosessane enklare.

Etter møtet i Sogndal og ein liten tur på fjordstien, gjekk turen for kommunal- og distriktsministeren vidare til Distriktssenteret på Leikanger.

Sogn Avis og Porten var til stades og dekte besøket.

Les òg: Til Oslo for å utfordra departementet og KS