Snøskredvarsel for Indre Sogn
Varsom.no melder om betydelig snøskredfare (raudt nivå) i Indre Sogn. Dette inneber at ein bør unngå skredterreng og vere særleg merksam i bratt terreng og utløpssoner.
Lenke: Snøskredvarsel for Indre Sogn – Varsom.no
Gult farevarsel for flom og isgang
Det er òg sendt ut gult farevarsel for flom og isgang, som gjeld fram til fredag morgon. Auka vassføring i bekker og elver kan føre til lokale oversvømmingar, isgang og overvann.
Lenke: Flom- og jordskredvarsel – Varsom.no
Kva bør du gjere?
For å vere førebudd dersom nedbøren aukar, oppmodar me innbyggjarane til å:
- Følgje med på vêr- og farevarsel, og sjå oppdaterte varsel på Varsom.no.
- Følg vegmeldingar og trafikkinfo dersom du skal ut å køyre.
- Sikre eigedom og vassvegar
- Sjekk og reingjer stikkrenner, rister, grøfter og andre vassvegar - spesielt om det kjem mykje regn.
- Ver merksam på bekker og elvefar, om nedbøren aukar med tanke på isgang.
- Unngå skredterreng når snøskredfaren er på oransje nivå.
Meld frå
Ser du forhold som kan vere farlege;til dømes isproppar, stengde vassvegar eller begynnande oversvømming - meld gjerne frå om de ser utfordrande forhold.
Det er ikkje meldt om større situasjonar kommunen vår akkurat no, men det er fleire aktive farevarsel i regionen. Me anbefaler alle å følgje med, ta enkle førebyggjande grep og vere ekstra merksame dersom nedbøren aukar.
