Kvar: Klubbhuset Belehalli, Kreklingevegen 2.
Når: 20.mai kl.18.00 - 19.30.
Pris: Gratis
For: Alle
Om arrangementet
Balansens kunst - Små grep for eit meir balansert liv.
Livet byr på mange krav, forventningar og utfordringar – og for dei fleste av oss kan det til tider kjennast som eit vanskeleg balanseprosjekt. Stress er ein naturleg del av livet, men når belastningane blir for mange eller varer for lenge, kan det påverke både kropp, tankar og kjensler.
I dette føredraget frå Rask Psykisk Helsehjelp snakkar vi om kva som skaper stress og ubehag i kvardagen, korleis vi kan forstå eigne reaksjonar, og kvifor grenser og balanse er så viktig. Vi vil også utforske ulike kjelder til stress – både dei ytre krava rundt oss og det vi ber med oss inni oss sjølve.
Gjennom enkle og konkrete verktøy ønskjer vi å gi små grep som kan bidra til meir ro, overskot og meistring i kvardagen. Føredraget passar for alle aldrar frå 16 år og oppover, og krev ingen forkunnskapar.
Velkomen til eit varmt, gjenkjenneleg og nyttig føredrag om stress, grenser og kvardagsmeistring
