Kvar fredag i adventstida vil me ha eit spørsmål her på nettsida til kommunen. Du kan senda inn svaret på e-post og vera med i trekninga av ei flott Sogndal kommune-drikkeflaske frå Sogndal ressurssenter.

Fristen for å senda inn svar er tysdagen i veka etter, og me vil trekkja ein premie for kvart spørsmål, til saman fire premiar.

Første oppgåve:
Kvar i Sogndal kommune finn me dette busskuret? (Namn på tettstad er nok for å vera med i trekninga av premie)

Fristen for å senda inn svar var tysdag 5. desember.