Kvar fredag i adventstida vil me ha eit spørsmål her på nettsida til kommunen. Du kan senda inn svaret på e-post og vera med i trekninga av ei flott Sogndal kommune-drikkeflaske frå Sogndal ressurssenter.

Fristen for å senda inn svar er tysdagen i veka etter, og me vil trekkja ein premie for kvart spørsmål, til saman fire premiar.

Andre oppgåve:
Kvar i Sogndal kommune finn me dette busskuret?

Send inn svaret på e-post til nettsida@sogndal.kommune.no seinast tysdag 12. desember.