Kommunestyret vedtok i sak 53/2025 å setje ned ei parkeringsgruppe for Fjærland. Mandatet kan du lese her: Saksprotokoll kommunestyresak 53/2025
Parkeringsgruppa har hatt to møte, og inviterar no fjærlendingane til eit folkemøte.
- Folkemøte om parkering i Fjærland
- Måndag 13. oktober kl. 19.30
- Bygdahuset
Parkeringsgruppa legg fram status for arbeidet og kva innspel vi har fått så langt.
Tema:
- Kva er problema – er det verkeleg for lite plass, eller handlar det om organisering?
- Kva er vi einige om, og kva står vi ueinige om?
- Bubilar, korttidsparkering, trailerar og fastbuande – korleis får vi til gode løysingar for alle?
Vi vil ha innspel frå bygda: Har vi gløymd noko? Kva forslag har du?
Alle er velkomne!