Forskrifta skal gi oversikt over dei ulike skulane med tilhøyrande inntaksområde. I tillegg til oversikt over krinsgrenser regulerer forskrifta ansvarsområde og sakshandsaming ved avvik frå nærskuleprinsippet.
FAU ved skular og barnehagar vil få eiga innkalling til høyringsmøte.
Du kan senda høyringssinnspel til postmottak@sogndal.kommune.no. Merk e-posten med "Høyringsinnspel skulekrinsar".
Last ned Forskrift om skulekrinsar i Sogndal kommune (pdf)
Det er lagt opp slik tidsplan for handsaming av forskrifta:
Aktivitet | Tidspunkt | |
---|---|---|
Sak i formannskapet | 8. februar | |
Utsending av høyringsbrev | 22. februar | Høyringsbrev vert sendt til: FAU ved alle barnehagar og skular/oppvekstsenter i Sogndal kommune, arbeidstakarorganisasjonane, fylkeskommunen ved skyss, Statsforvaltaren i Vestland |
Høyringsmøte Balestrand | Mars | FAU ved barnehagar og skular/oppvekstsenter |
Høyringsmøte Leikanger | Mars | FAU ved barnehagar og skular/oppvekstsenter |
Høyringsmøte Sogndal | Mars | FAU ved barnehagar og skular/oppvekstsenter |
Høyringsmøte Kaupanger | Mars | FAU ved barnehagar og skular/oppvekstsenter |
Høyringsfrist | 4.april | Høyringsperioden er sett til 6 veker |
Administrativ saksførebuing | Før 17. april | Dato for utsending av sak er 17. april |
Sak i utval for levekår | Utsett til 15. mai | Utsending av sak 8. mai |
Slutthandsaming i kommunestyret | 23. mai |