Det er gjort ein enorm jobb frå tilsette, føresette og barn for å etablere ein god kultur i ein ny barnehage. Det å starte med «blanke ark» kan vere både godt og krevjande, men arka har fått gode fargar etter 5 år. De kan alle vere kjempestolte over den flotte barnehagen de har skapt saman.
Barnehagen markerte jubilèet med song, talar, omvisingar, utstillingar, servering av nydeleg grønsaksuppe og mykje mykje meir. Inntektene frå salsutstillinga (alt de fine barna har laga) går til årets TV-aksjon.
I tillegg til barn og tilsette, var det og føresette, sysken og besteforeldre på plass. Inviterte gjester frå Utval for levekår, oppvekstadministrasjonen, og ordførar Stig Ove Ølmheim helsa til jubilanten frå Sogndal kommune til alle i Fosshagen utdanningsbarnehage. Ekstra kjekt var det at tidlegare barnehageleiar Karin Johansen var på plass, og fekk sjå og oppleve korleis barnehagen er i dag. Ho var sentral i førebuingsarbeidet og oppstarten av barnehagen.
Fosshagen utdanningsbarnehage ligg flott til i Sogndal, midt mellom Campus og Sogndal sentrum. Korte avstandar i dei fleste retningar, gjer at det er lett å komme til/frå barnehagen.


