Oppsummert skal administrasjonen ferdigstille planutkastet dei neste vekene før Utval for plan og samfunn og Formannskapet får saka til handsaming i januar. Deretter vert planutkastet sendt på ei avgrensa høyring til regionale etatar i seks veker.
Når høyringa er over vil me ha oversikt over kva motsegner som er fremja mot planen. Då tek den politiske arealplangruppa stilling til motsegnene og går i dialog med Statsforvaltaren og dei andre regionale etatane. Dersom partane vert einige, kan kommunestyret handsame planen. Dersom det framleis heftar motsegner ved planen, vert det halde mekling om motsegnene. Om meklinga ikkje fører fram går planen til endeleg handsaming og avgjerd i Kommunal- og distriktsdepartementet.
| Vekenr. | Datoar | Oppgåve | Ansvar |
51 | 15. - 19. des | Ferdigstille utkast til føresegnene og plankartet | Administrasjonen |
52 | 22. - 26. des | Jul | |
1 | 29. des - 2. jan | Ferdigstille revidert planomtale Oppdatere konsekvensutgreiing | Administrasjonen |
2 | 5. - 9. jan | Kvalitetssikring av føresegner av ekstern ressurs* | Ekstern konsulent |
2 og 3 | 5. - 16. jan | Ferdigstille føresegner Kvalitetssikring av alle plandokument | Administrasjonen og ekstern konsulent |
3 | 12. - 16. jan | Utsending av politisk sak om avgrensa høyring til UPS og FOR innan 14.1 | Administrasjonen |
4 | 19. - 23. jan | Utval for plan og samfunn 21.1 | UPS |
5 | 26. - 30. jan | Formannskap 29.1 | FOR |
5 | 26. - 30. jan | Oppfølging av vedtak; sende arealplanen på avgrensa høyring til regionale etatar | Administrasjonen |
6 - 11 | 2. feb - 13. mar | Avgrensa høyring i 6 veker* | Regionale etatar |
12 - 13 | 16. - 27. mar | Handsaming av høyringsuttaler | Administrasjonen |
14 | 30. mar - 6. apr | Påske | |
15 | 7. apr - 10.apr | Handsaming av høyringsuttaler | Administrasjonen |
16 | 13. - 17. apr | Handsaming av motsegner i politisk arealplangruppe | Arealplangruppa/ Administrasjonen |
17 og vidare | 20. - 24. apr | Dialog på administrativt nivå om mindre/tekniske motsegner | Administrasjonen |
17 og vidare | 20. - 24. apr | Dialog på politisk/toppleiarnivå om motsegner | Arealplangruppa/ Administrasjonen |
| Stadfesting frå regionale etatar av at motsegner er trekte/imøtekomne | Administrasjonen /regionale etatar | ||
| Førebuing av politisk sak | Administrasjonen | ||
| Handsaming i UPS og FOR | UPS og FOR | ||
| Ev. mekling om attståande motsegner | Administrasjonen /regionale etatar | ||
| Slutthandsaming i KOM | KOM | ||
| Ev. handsaming i kommunal- og distriktsdepartementet | Kommunal- og distriktsdepartemetet | ||
| Oppfølging av vedtak, endring av plandokument | Administrasjonen | ||
| Kunngjering av planen | Administrasjonen |
*framdrifta er avhenging av kapasitet hjå ekstern konsulent, og at regionale etatar sender høyringsuttale innan fristen
Endringane som er gjort tilseier ikkje at planen skal leggast ut på eit nytt offentleg ettersyn, og det nye planutkastet vil derfor berre bli sendt til dei regionale høyringsinstansane. Plandokumenta vil uansett verte offentlege, og vil vere tilgjengelege i postlista til kommunen og på utfordrarbygda.no. Det er ikkje opna for nye merknader til planen på dette tidspunktet.
Prosjektleiar for arealplanen vil i 2026 vere Arne Abrahamsen.
