Prøvar frå basseng og tilhøyrande røyrnett har no vore gode i tre separate omgangar, og me vurderer det derfor som trygt å drikka vatnet att. Me vil halda fram med prøvetaking framover for å sikra at tiltaka har hatt varig effekt. Me arbeider vidare for at eventuelle tilbakefall ikkje skal ha same langvarige skadeeffekten for innbyggarane. 

Kokevarselet vart sendt ut 10. september då det var funne intestinale enterokokkar i ei vassprøve frå høgdebassenget på Stedje. Det vart sendt varsel til alle abonnentar som er forsynte frå Stedje høgdebasseng. Fekk du ikkje varsel? Sjå kva som kan vera grunnen til det.