Markeringa skjer på Lægereidsplassen i Sogndalsfjøra klokka 13.00. Det vert framlegg og kransenedlegging, før dei som møter opp, er inviterte til lunsj på Sogndal Quality hotel klokka 14.00.
For dei som ønskje å starta litt tidlegare, vil Sogndal kyrkje i år også markera dagen i si gudsteneste, som startar klokka 11.00.
For dei som vil vera med på lunsj, må me ha ei påmelding innan fredag 6. mai klokka 11.00.
Minnetale vert halden av varaordførar i Sogndal kommune, Vibeke Johnsen.
Send e-post til eilif.rosnes@sogndal.kommune for påmelding til lunsj.
Vel møtt!