Sogndal kommune vil inviterer alle frivillige i kommunen vår til ein festleg haustkveld der me skal hylle innsatsen de som frivillige gjer for lokalsamfunnet! Det blir god underhaldning, enkel servering av mat og kaffi, motiverande foredrag med Henning Aarekol “verdien av å vere frivillig”, inspirerande historiar frå frivillige organisasjonar i kommunen vår og nyttig informasjon frå kommunen - og ikkje minst, ei feiring av dei som står opp for andre. Me vil og gje dykk som frivillige moglegheita til å møte kvarandre på tvers av bygdene.
Er du frivillig? Meld deg på frivilligfesten på nettsida til Sogndal kulturhus
Informasjon:
- Fest for frivillige i Sogndal kommune
- 19. november kl. 17.30–20.30
- Kulturhuset i Sogndal
- Gratis og ope for alle frivillige!
Program:
- Suksesshistoriar frå frivillige organisasjonar i kommunen
- Presentasjon av Rocket-man
- Dialog med kommunen og andre frivillige
- Enkel servering av baguettar og kaffi
- Leikanger damekor
- Foredrag: Henning Aarekol «Verdien av å vere frivillig»
Henning sjølv seier dette om foredraget: "Jeg har fra barndommen blitt involvert i frivillighetens verden, og sett verdien av å hjelpe andre. Men jeg har også sett en annen verdi, verdien av å møte andre, og kjenne på følelsen av mestring. Jeg vil fortelle om disse verdiene, og sette ord på stoltheten alle som er frivillige burde kjenne ennå meir på!"
