Kvelden besto av god middag, informasjon frå kommunen, inspirerande historiar frå lokalt frivillig arbeid og sang frå Leikanger damekor. Ordføraren takka for det viktige arbeidet alle dei frivillige gjer. I tillegg fekk me høyra ein sterk historie frå Cidi Nzita om korleis han som mindreårig flyktning fann meininga med livet gjennom deltaking i idrettslag, og seinare som frivillig sjølv. 

Frivilligfesten vart ikkje berre ein kveld med glede og feiring, med representantar frå over 30 ulike lag og foreiningar fekk dei også eit høve til å styrke banda seg imellom. 

Tusen takk til alle som var med på å gjere denne kvelden til ein fest.