Heile 160 aktørar deltok på scenen då den nye kommunen synte seg fram i Leikangerhallen laurdag.

Innbyggjarane var inviterte på gratis festførestilling, og det vart fullt hus med nær 700 publikummarar klare for å oppleva kva den nye kommunen kan by på av kunst og kultur.

Her var det spektakulære naturbilete frå kommunen og videopresentasjonar på storskjerm av kunst, musikk og litteratur. På scena bidrog mellom andre Distriktsmusikarane i Sogn, Krudlalaget, to ungdomsband, Lena Skjerdal trio, Gunn Marit Kvåle, Bufaste Tonar og Dans uten grenser.

Festførestillinga synte også kva moglegheiter nye kommunegrenser gjev til samarbeid. Kjende karakterar frå Balestrandrevyen, Kaupangerrevyen og Palmerevyen på Leikanger møttes  på scenen.

Windir-låten "Byrjing" var framført av medlemmar frå Sogndal Trekkspelklubb og Bufaste Tonar, saman med Jørn Holen frå Vreid og Bjørn Tore Årøy.

Førestillinga vart avslutta med Olav Stedje og Liva Åsnes Skjerdal som song saman med Kaupanger bygdakor, Gospelkoret Glimt, Leikanger Mannskor, Systrond Damekor og Balestrand songlag. Songen dei framførte var  "Vi vandrar saman".

Sjå fleire bilete under. (Klikk på bileta for større vising)