Sogndal kommune har i samband med utbrotet av koronasmitte i Balestrand hatt lokale tiltak og anbefalingar for å hindra spreiing av smitte. Alt tyder no på at utbrotet er avgrensa og at me ikkje har pågåande smitte i kommunen.

Gjeldande reglar og anbefalingar frå 15. februar i Sogndal kommune vil vera dei nasjonale reglane og anbefalingane, som du finn her på regjeringen.no eller helsenorge.no.

Det kan bli innført nye lokale reglar og anbefalingar dersom smittesituasjonen endrar seg.