Samarbeidet vil gje kommunen meir kunnskap om korleis legge til rette for og inkludere arbeidssøkjarar som elles ville hatt problem med å kome i arbeid. Sogndal kommune får også koordinerte tenester frå NAV og NAV sine leverandørar til arbeidsgjevarar. 

– Med denne avtalen gir Sogndal eit tydeleg signal til innbyggarane og dei tilsette. Sogndal kommune er ein av dei største verksemdene i regionen, og dei erfaringane vi gjer oss i lag med dei vert nyttige når vi etter kvart får med fleire kommunar i Sogn, seier kontaktperson for «Vi inkluderer!» i Sogn, Jonas Grotle Førde. 

To avtalar alt på plass 

Avdelingsleiar ved regionkontoret i Sogn, Rigmor Wathne er særs nøgd med å få på plass ein inkluderingsavtale som omfattar alle einingane i Sogndal kommune.  

– Det gjer jobben vår mykje lettare når vi tek kontakt med einingane for å få til samarbeid om inkludering. Målet med prosjektet er at dei som blir inkludert, blir kvalifiserte til jobben og kjem i fast arbeid, seier Wathne.  

Regionen er alt godt i gang med eit samarbeid med Sogndal kommune ved to avdelingar; Balestrand helsetun, som har behov for å rekruttere fleire med fagbrev i helsefag, og avdeling for reinhaldarar ved teknisk etat.  

Avdelingsleiar for reinhaldarane i Sogndal kommune, Tone Hylseng Haugen, og dei tillitsvalde i kommunen er einige om at dei ynskjer å rekruttere fleire med fagbrev, men ser at det er få søkjarar med fagbrev når dei lyser ut stillingar.  

– Gjennom «Vi inkluderer!» vil kommunen i samarbeid med NAV bidra til at fleire som i dag står utanfor arbeidslivet, kan få varig fast jobb og kvalifisering til fagbrev, seier Haugen.  

– Kommunen treng fleire hender i arbeid 

Rådmann i Sogndal kommune, Ellen Njøs Lillesvangstu, meiner det å få fleire i arbeid er viktig både for den enkelte, for lokalsamfunnet og for Noreg. 

– Kommunen treng fleire hender i arbeid. Sogndal kommune er ein attraktiv stad å bu, og har ein unik auke i folketalet. Auken skjer i alle aldrar frå ung til gamal. Behovet for meir arbeidskraft treff derfor alle oppgåver kommunen har ansvar for, frå samfunnsplanlegging til tilrettelegging for bustader, barnehage, skule og ikkje minst helse og omsorg, seier Lillesvangstu.  

KS er part i «Vi inkluderer!»-prosjektet, og har stor tru på at ein vil lukkast betre med å inkludere fleire som står utanfor arbeidslivet om ein tek utgangspunkt i kommunen og verksemdene sitt behov for arbeidskraft. 

– Gjennom tett kontakt med kommunen og verksemdene kan vi få til både målretta rekruttering og inkludering. Det er ei styrke at heile arbeidslivet tek del i dette arbeidet, då vil vi lettare klare å få fleire i arbeid, seier Sølvi Olrich Sørebø, seniorrådgjevar i KS.