Kulturprisvinnaren vart offentleggjord under møtet i kommunestyret torsdag. Vinnaren kunne berre vera til stades digitalt, men vil få overrekt prisen ved eit seinare høve.

I grunngjevinga vert det trekt fram at Geir Hjetland er ein framifrå representant for kunstmiljøet i kommunen og at kunsten hans er sterk, leiken og framtidsretta – både i materiale, form og uttrykk.

Arbeida hans finn me fleire stader i kommune: i Holmen, ved Fylkesmannen Vestland på Leikanger og ved den nye Loftesnesbrui.

Til å vurdera kven som skulle tildelast årets pris har formannskapet hatt ein komité i arbeid. Medlemmene har vore Trude Risnes, Svein Jarle Slinde - begge frå formannskapet - og Christoffer Knagenhjelm, som er leiar i kulturrådet. 

Den nye kommunen har så langt ikkje vedteke nye retningsliner for kulturprisen. Komiteen sine vurderingar byggjer difor på dei eksisterande retningslinene for kulturpris/kommunepris i dei tre gamle kommunane. Eitt vilkår er at kandidatane som vert vurderte, skal vera busette i kommunen.

Komiteen har konkludert med at prisen skal vera ein kulturpris. Dette fordi den nye kommune har klare ambisjonar om å vera ein kulturkommune.

-  Ved å gje Sogndal kommune sin kulturpris 2020 til ein utøvande profesjonell kunstnar, ønskjer me å løfta fram ambisjonane våre som kulturkommune og slik tru at anerkjenninga dette gjev, er med på å inspirera til kunst og kultur i kommunen, sa ordførar Arnstein Menes i kommunestyremøtet.

Grunngjevinga for prisen

Den fyrste vinnaren av Sogndal kommune sin kulturpris er ein markant og kjær kunstnar, som er å sjå mange stader, ikkje minst i vår kommune.

Kunstnaren har si utdanning frå Vestlandets kunstakademi og Bergen kunsthandverksskule, der han var ferdig i 1982. I eit langt kunstnarliv har kunstnaren hatt mange separatutstillingar, vedkomande har delteke i eit stort tal gruppe- og kollektivutstillingar, ikkje minst er han kjent for sine utsmykkingar og sin landskapskunst. Like fullt har han levert bidrag til sentrumsplanar i t.d. Kongsvinger, Henningsvær, Gjøvik, Lærdal, Brevik og Balestrand, og for å syna mangfaldet, har han til og med laga scenografi til fleire fjernsynsproduksjonar. Sist gong han her lokalt sette noko i scene, var ved sist nyttårsfeiring då me markerte vår nye kommune med fakkelen, «Frå tre til ein»/», eller «Tre ringar i ein».

Kunstnaren er særleg kjend for sine skulpturar, og då ofte i aluminium. Han deltok i  1995 og 1997 på «Aluminiums-symposiet» i Høyanger, der kunstnarar i samarbeid med metallverket fekk eksperimentere med aluminium som kunstmateriale. Han laga den flytande installasjonen «Øya» i Sognefjorden i 1992 og landskapskunstprosjektet «Vandrande boksar» i Esefjorden 1998.

Utsmykkingsoppgåver til offentlege og private bygg er mange, m.a. i Høyanger, Førde, Leikanger, Dale, Balestrand, Florø, Måløy og Arendal. Eitt av dei største verka til kunstnaren er det 20 meter høge Tell Teigen-monumentet i Høyanger. For ikkje å snakke om den gigantiske megafonen Desibel laga i samanheng med Vevring utstillinga sitt 30-års jubileum i 2009, som ein respons til gruveprosjektet i Engebøfjellet i Vevring.

Den fyste vinnaren av Sogndal kommune sin kulturpris er kunstnaren og skulptøren Geir Hjetland.

Geir Hjetland er ein framifrå representant for kunstmiljøet i kommunen vår. Geir sin kunst er sterk, leiken og framtidsretta – både i materiale, form og uttrykk. Desse kvalitetane er noko kommunen ønskjer å symbolisera oss med.

Dette er kvalitetar me ser i arbeida av Geir i alle dei tre delane av vår nye kommune: i Holmen, ved Fylkesmannen Vestland på Leikanger og ved den nye Loftesnesbrui. Slik er Geir Hjetland ein viktig og verdig vinnar av Sogndal kommune sin fyrste kulturpris.