Bruk gjerne innspelssida vår: innspelssida til Sogndal kommune (smartbyene.no). Her kan du fremje eigne forslag og kommentere eller stemme over forslag frå andre. Alle forslaga vert vurderte av administrasjonen og lagt fram for politisk handsaming. Innspel på e-post vert også vurderte. Bruk e-postadressa postmottak@sogndal.kommune.no og merk e-posten med saksnr. 22/24.

På innspelssida kan du følgje med på framdrifta til arealplanen - Medvirkningsfaser - Arealplan for Sogndal kommune 2022-2032 - innspelssida til Sogndal kommune (smartbyene.no). Prosessen forlenga med to månader, og endeleg vedtak er planlagt til februar 2023.

 

Treng du inspirasjon til å gje innspel? Her er hjartesakene våre:

Bustader og utbyggingsstruktur

  • Kvar skal det kunne byggjast tett i tettstaden din?
  • Korleis kan eksisterande småhusområde i tettstadene fortettast?
  • Kvar bør barnehagar, skular, administrasjonslokale eller andre offentlege bygg og område liggje?
  • Kvar bør nye bustader i grenda di liggje, utan at det vert bygd på matjord, er til ulempe for landbruket eller naturmangfaldet og ligg i ras- eller flaumsoner?

Bukvalitet

  • Kva andre typar bustader trengst i nærmiljøet ditt, og kvar skal dei ligge?
  • Kva fellesløysingar bør etablerast i nærområdet ditt?
  • Kva skal til for at det vert betre å bu der du bur?
  • Kor store og kor små bustader skal kunne tillatast i ditt nærområde?

 Biltrafikk

  • Kvar bør gjennomfartstrafikken gå?
  • Korleis bør trafikkmøsteret vere for at det skal bli mindre lokaltrafikk i tettstaden din?
  • Kva overflateparkering i tettstaden din bør brukast til noko anna?
  • Kvar i tettstaden din bør innfartsparkering, kollektivpunkt eller parkering under bakken liggje?

Gange og sykkel

  • Kvar trengst det utbetring for å få til gode snarvegar i nærmiljøet ditt?
  • Kvar trengst det utbetring for å få til gode gang- og sykkelvegar?
  • Kvar trengst det sykkelparkering?

Stadutforming

  • Kvar i sentrumskjernene bør det vera torg og aktivitetspark for ungdom?
  • Kvar bør det leggjast betre til rette for eigenorganisert aktivitet?
  • Kvar bør det etablerast nye arenaer for kunst, kultur, fritidsaktivitetar og arrangement?
  • Kva er viktig for at utbygging i tettstaden din skal vere godt tilpassa landskapet?
  • Kvar og korleis bør me bruke kunst, design, arkitektur og kulturmiljøa våre for å gje tettstaden ei god estetisk utforming?
  • Kvar trengst det betre blågrøne strukturar i tettstaden din? Blågrøne strukturar er skogholt, vassdrag, parkar, strandsona og liknande.
  • Korleis kan me få til meir sambruk av offentlege og private bygg?

 Rekreasjon

  • Kvar trengst det meir areal til grøne friområde rundt skular, barnehagar eller busetnad?
  • Kvar bør det utviklast anlegg for trening eller eigenorganisert fysisk aktivitet?
  • Kvar skal nye lågterskel turvegar liggje?
  • Kva snarvegar og universelle tilkomstar til turvegar bør etablerast eller utbetrast?
  • Kvar bør tilkomsten til strandsona verte betre?
  • Kvar langs fjorden og vassdraga bør det lagast nye ferdselsvegar?
  • Kvar bør me samle fellesløysingar i strandsona i ditt nærområde og kva fellesløysingar kan vera aktuelle?
  • Kva landbruksareal som ikkje er i aktiv drift kan vere aktuelt for parsellhagar?

 Utfartsområde

  • Kva skal til for at utfartsområdet ditt skal vere ein god stad å vere?
  • Kvar skal nye bueiningar i utfartsområdet ditt liggje?
  • Kva skal til for at det skal vere godt å bu i Hodlekve i framtida?
  • Kva skal til for at det skal vere godt å bruke Hodlekve i framtida?

 Overordna planlegging

  • Har du kjennskap til område som ikkje bør vere med vidare frå dei gjeldande arealplanane frå gamle Balestrand, Leikanger og Sogndal? I så fall kva område?
  • Kva utdaterte reguleringsplanar er viktige å fornye?