Samfunnsutviklarrolla er samskapande! Kommunen må sjå seg sjølv i samanheng, var beskjeden frå samfunnsforskar Gro Sandkjær Hanssen. Ho viste fram bustadprosjektet «Det gode nabolag» frå Bærum kommune, med eit mangfald av bustadtypar, også kommunale omsorgsbustader, og gode område for fellesskapet.

Randi Augenstein frå arkitektfirmaet Helen og Hard / Gainig by Sharing drog også fram gevinstane ved å dela meir og skapa fellesskap. Dei har utvikla prosjektet «Vindmøllebakken» i Stavanger, der kvar bueining er litt mindre enn me er vande med. Samtidig er det lagt stor vekt på gode rom og funksjonar inne og ute som alle kan bruka. Ein eig altså mindre, men har tilgang til meir! I fellesareala vert også naboar betre kjende med kvarandre. Ei lita bygd i byen?

I Innerøy kommune har dei sakte, men sikkert utvikla kommunesentrumet Straumen til å verta Noregs mest attraktive stad i 2020. Ordførar Ida Stuberg gav oss innblikk i metoden: Gjennom eit langsiktig framtidsscenario, innspelsmøte med innbyggjarane og partnarskap med næringslivet greidde dei å gjera sentrum til eit flott og levande område med mykje aktivitet.

Utviklinga av Straumen let seg kanskje oppsummera i omgrepet «mikrourbanisme», som Erling Dokk Holm, forskar og samfunnsdebattant, gav oss ei innføring i. Korleis kan me skape urbane kvalitetar på små plassar? Når koblinga mellom folk, tettheit og funksjonar er god, oppnår me agglomerasjonseffektar – me har utbyte av at folk er samla på same stad og dannar nettverk. Viss me skal utvikla mikrourbanisme, må alle som er interesserte i ein meir attraktiv stad delta i å gjera staden meir attraktiv. Innleiaren la ingen ting imellom: «Gode kommunar eksperimenterer med verkemiddel, men ikkje med målet. Ver fundamentalist når det gjeld å skapa trivsel!»

Men korleis kjem ein i gang med gode tiltak? I Langevåg i Bømlo kommune har innbyggjarar, frivilligheit og næringsliv drive stadutvikling på dugnad gjennom prosjektet «Camp Kåså». Viss kommunen fasiliterer og gjev verktøy, kan innbyggjarane få til veldig mykje, meinte Aslaug Tveit frå Léva Urban Design.

Siste innleiar var fungerande byråd for byutvikling i Oslo kommune, Rasmus Reinvang, som utfordra oss på å redusera klimagassutsleppa, gje rom til natur i sentruma samstundes som at me lagar trivelege nabolag og gode bustader. Til slutt i samlinga utfordra møteleiar Sverre Landmark tre lokale samfunnsdebattantar til å gje sine syn på utviklinga av tettstadene våre. Med ein fot i Balestrand og den andre i stadutviklingsmiljøet i Oslo batt Sverre saman dei høge visjonane frå innleiarane med utviklinga av tettstadene våre som skal skje framover. Kven er med?

Møtet vart filma av Kent Fimreite i Hallo Sogn. Du kan sjå møtet i opptak i videoruta under:

Les meir om temasamlingane om samfunnsplanen

Programmet for samlinga

Møteleiar vert Sverre Landmark, medlem av juryen for Statens pris for berekraftig by- og stedsutvikling.

Program for kvelden:

18:00 Velkomen til temasamling – Sverre Landmark og Sigrid Ølmheim

18:10 Samanhengar mellom stadutvikling, arealplanlegging, folkehelse og kommuneøkonomi - Gro Sandkjær Hanssen, forskar ved By- og regionforskingsinstituttet

18:25 Bustadutvikling og buformer i framtida. Betydninga av gjennomtenkte bustader - Randi Augenstein, dagleg leiar og seniorarkitekt i arkitektfirmaet Helen og Hard

18:40 Korleis kan me skape ein kultur for å jobbe saman om å skape ein meir attraktivt stad? Ida Stuberg, ordførar i Inderøy kommune

18:55 Pause

19:05 Kvifor snakkar me om urbanisme - kva er verdien av å satse på tettstader og bringe folk saman der? Kva kjenneteiknar måten dei beste kommunane og stadane jobbar på? – Erling Dokk Holm, Førsteamanuensis ved NMBU

19.35 Kvifor er det så viktig å få med innbyggjarane i stadutviklinga? Kva kan samskaping gi? Aslaug Tveit, dagleg leiar i Léva Urban Design

19:50 Miljøvenlege tettstader som reduserer klimagassutslepp, energi- og ressursbruk - Rasmus Reinvang

20:05 Panelsamtale og innlegg frå salen. Panel: Eyvind Øgar, dagleg leiar i Stiv kuling, Christoffer Knagenhjelm, leiar i kulturrådet i Sogndal kommune, Stine Lilloe-Olsen, design- og produktutviklar i Rocketfarm

20:50 Oppsummering og vegen vidare

21:00 Slutt