Digitalisering er ein viktig brikke i kompetansesatsinga, og Tor-Einar Holvik Skinlo, konst. rådmann i Sogndal kommune, hadde for høvet laga eit kart over alle dei tunge digitaliseringsverksemdene i Sogn. Og det er ikkje få! Rådmannen retta også blikket innover, og forklarte at digitalisering av kommunen vil gje ein betre kvardag for innbyggjarane.

Reiselivet i Sogn er det største utanfor dei store byane – korleis kan reiselivet dra vekslar av kompetansemiljøa? Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord sin visjon er å skapa heilårsreiselivet, men då må nokre nøkkelfaktorar vera på plass: Infrastrukturen, næringsutviklinga, fellestenester for næringa og ikkje minst drivarane for ei god utvikling.

Geir Kåre Resaland frå HVL sette fingeren på at me må tora å tenka utviklingsprosjekt i nasjonal skala. Dei to prosjekta SEFAL og ACTivate starta i Sogndal, men har no samarbeidsskular over heile landet. Og så er me avhengige av impulsar utanfrå! Ein blir aldri god åleine, ein blir berre god ilag med andre. Rådmannen kom på scena att, denne gongen for å snakka om studiestaden Sogndal. Han peika på potensialet i å enno meir koble næringsliv med utdanning og forsking. To av tre satsingar i grunnskulen, berekraft og folkehelse, har Sogndal naturlege føresetnader for.

Me må samarbeide fordi me er små. Det sa Ivar Petter Grøtte, frå Sogn Frukt og Grønt. Utviklinga deira på Håbakken i Lærdal blir det største frukt- og grøntpakkeriet i landet, og spring ut ifrå ein slik tankegang. Me må vera rause og inkluderande, og løfta Sogn, for det er summen av alt som gir kraft. Grøtte oppsummerte behova i regionale partnarskap for kunnskapsutvikling, teknologi og digitalisering, internasjonalt samarbeid og finansielle verkemiddel for å redusera innovasjonsrisikoen.

Kva skal til for å dyrka fram gode leiarar i og frå Sogn? Tidlegare fylkesmann i Sogn og Fjordane, Oddvar Flæte, gav oss fem postulat for å nå målet. Først må me bygge opp ein felles profil som også vert nytta til rekruttering, og deretter byggja opp eit modulbasert leiarutviklingstilbod. Så må me vite om gode leiarar og byggja på dei. Me må testa ut leiarar på prosjekt, og slå fast at dei som bidreg er dei som eig prosjektet.

Siste innleiar ut var ordførar Arnstein Menes, som la vekt på at Sogndal kommune skal vera ein god vertskommune for kompetansemiljøa. Etter samanslåingane av Fylkesmannen, no Statsforvaltaren, fylkeskommunen, høgskulen og fleire er det no eit tomrom som berre kommunen kan fylla. Vertskommunesatsinga var noko av det første den nye kommunen tok tak i etter samanslåinga, gjennom besøk til alle dei offentlege verksemdene i kommunen. Ut av dette kom tre felt som kommunen må jobba vidare med: rekruttering, digitalisering og leiarutvikling. Så må me hugsa at 1+1=3 og dela kunnskap med kvarandre.

I panelsamtalen etter innlegga var det ope for spørsmål frå salen, og engasjementet var til å kjenna på. Det siste spørsmålet fekk likevel innleiarane til å tenka: «Korleis byggjer me kompetansemiljø i eliteserien som gjer at minst halvparten av dykk på scena ved neste temasamling er kvinner, og minst ein av dykk har innvandrarbakgrunn?» Holvik-Skinlo tok ordet, og meinte at kvinnelege toppleiarar kom til å komma av seg sjølv, men at me må jobba målretta for å få folk med innvandrarbakgrunn inn i dei tunge leiarposisjonane. Ei utfordring til kompetansemiljøa der, altså.

Møtet vart filma av Kent Fimreite i Hallo Sogn. Du kan sjå møtet i opptak i videoruta under:

Les meir om temasamlingane om samfunnsplanen