Roar Svenning står bak konseptet Bygda 2.0 og har bygd opp sitt eige attraktive lokalsamfunn på ei øy med 300 innbyggjarar – og opplever tilflytting frå inn- og utland.

I temasamlinga om utvikling i Sogn fekk me elles høyra Torgeir Strypet frå Digdir som peika på at me treng ein overordna struktur for regionalt samarbeid i Sogn som heng saman nedover i kommuneorganisasjonane, og at Sogndal kommune må satsa på bustadbygging framover.

Anne Berit Lein, ordførar i Steinkjer kommune, delte av sine erfaringar om arbeid opp mot regionale og nasjonale myndigheiter og etableringa av Innocamp Steinkjer.

Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, gav nyttige råd om realisering av samferdselsprosjekt, og Hilmar Høl, leiar i Sogn regionråd, understreka korleis Sogndal og resten av Sogn er gjensidig avhengige av kvarandre. Når Sogndal støttar nabokommunane og er raus, stadfestar dette regionsenterstatusen vår, meiner Høl. Ordførar Arnstein Menes losa oss stødig gjennom samlinga.

Møtet vart filma av Kent Fimreite i Hallo Sogn. Du kan sjå møtet i opptak i videoruta under:

Les meir om temasamlingane om samfunnsplanen

Programmet for samlinga

18:00 Velkomen til temasamling – Arnstein Menes og Sigrid Ølmheim

18:10 Sogndal bidreg sterkt til å løfte satsingar som kjem heile regionen til gode - Hilmar Høl, ordførar i Årdal kommune og leiar i Sogn Regionråd

18:25 Saman med Sogn, ha ein tydeleg posisjon mot regionale og nasjonale myndigheiter – Anne Berit Lein, ordførar i Steinkjer kommune

18:40 Samferdsle- og kommunikasjonsprosjekt i regionen vert prioriterte og realiserte - Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane

18:55 Eit sterkt og forpliktande strategisk og operativt samarbeid gjennom Sogn Regionråd – Torgeir Strypet, avdelingsdirektør i DigDir

19:10 Gjere Visit Sognefjord til ei regional drivkraft for distriktsvenleg reiselivsutvikling – Roar Svenning, eigar og utviklar av Bygda 2.0

19:25 Pause

19:35 Paneldebatt med spørsmål frå salen

20:50 Oppsummering og vegen vidare

21:00 Slutt