Intervjua blir gjort av Hege Askestad og Einar Stephan frå konsulentselskapet Agenda Kaupang, som kommune har hyra inn til å leia prosjektet. Sogndal kommunen ynskjer brei involvering og har difor utvida gruppa som blir intervjua, i forhold til det opphavlege forslaget frå Agenda Kaupang.

I løpet av februar skal me gjera ei brukargruppeanalyse, der me samlar inn informasjon om brukarane, plassar og årsverk. I første fasen av prosjektet skal me også gjera ei kartlegging av driftseiningane, der me mellom anna ser på årsverk, bemanningsplan, sjukefråvær, økonomi og kva kvalitetar bustadane/bygga har.

- Me er godt i gang med alle dei planlagde aktivitetane i første fasen, og prosjektet held den planlagde framdrifta. Me er svært takksame for alle som no bidreg i prosjektet, slik at me får eit best mogeleg grunnlag for ein gjennomgang av tenestene i dag og for å kunne gje innspel og føringar for korleis kommunen skal drifta tenestene innan helse og omsorg i framtida, seier kommunalsjef Marit Reppen.

Arbeidet skal føra fram til ein rapport som vart bestilt av kommunestyret i desember. Det er sett ned ei prosjektgruppe, som skal ta ein gjennomgang av institusjon, heimetenester, bu- og miljøtenesta og vedtakskontoret. Prosjektgruppa består av tenesteleiarar frå desse tenestene, hovudtillitsvalde frå Fagforbundet og Norsk Sykepleierforbund, representant frå økonomiavdelinga og kommunalsjef og assisterande kommunalsjef for helse og omsorg. Prosjektgruppa hadde oppstartsmøte måndag 17. januar.

Prosjektmandatet var oppe i utval for levekår onsdag, og rapporten skal vera ferdig til politisk handsaming i juni. Då skal dei ulike tiltaka vurderast.