- Det syner at me er - og skal halde fram med å vere utfordrarbygda! Me har dyktige tilsette som kvar dag bidreg til at me har gode tenester, seier konstituert kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo.

Fem tema

Dette er ei rangering av  nøkkeltal og rammebetingelsar for næringslivet i norske kommunar. Indikatorane i kommune-NM dekker fem tema: næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi, og gjev såleis eit godt bilete på ståa rundt om i kommunane. Det kan vera verdt å merka seg at rangeringa er basert på kvantitative data frå offisielle statistikkar, og at tala er knytt til 2020.

Blømande tre ved Kafe Krydder i sentrumsparken. Folk på uteserveringa i bakgrunnen.
Sentrumsparken i Sogndal. (Foto: Aina Thomassen)

Gode tilhøve

God tilgang til arbeidskraft er heilt sentralt for vekst og verdiskaping. Kommunestyret vedtok i 2020 visjonen «livskvalitet og utviklingskraft i Sogn» noko som syner seg mellom anna i korleis kommunen legg til rette for lokalt næringsliv og grunderverksemd. Dette gjer at me som kommune trekk til oss fleire innbyggjarar, og mykje kompetanse.

I rapporten vert kommunen omtala som ein utdannings- og høgteknologistad. Dette er eit resultat av målretta arbeid gjennom fleire år for kommunen sin del ved å leggja til rette for lokalt næringsliv og grunderverksemd.

Tre ungdomar sit på bryggekanten med utsyn mot snødekte fjelltoppar.
Fjord og fjell i Fjærland. (Foto: Aina Thomassen)

Klatrar på rangeringa

Sidan kommune-NM starta i 2014, har Sogndal kommune klatra 18 plassar. Samanlikning over tid vert ikkje heilt representativt sidan me no er ein samanslegen kommune, men det er uansett gledeleg at me som ny kommune kjem så godt ut.

Resultat frå dei fem temaområda (plassering blant alle landets kommunar):

  • Arbeidsmarknad: 4. plass
  • Demografi: 24. plass
  • Kommunal økonomi: 95. plass
  • Kompetansenivå: 14. plass
  • Næringsliv: 194. plass

Heile rapporten frå kommune-NM finn du på nettsida til NHO