I veke 22 var det planlagt gravearbeid i krysset mellom Gravensteinsgata og Leighgota i Sogndal sentrum. Men fordi kommunen ikkje hadde fått tilbakemelding frå Telenor på kvar det ligg kablar i bakken, vart arbeidet utsett og starta opp måndag 7. juni.
 
Kommunen stengjer Leighgota for inn- og utkøyring til Gravensteinsgata medan arbeidet pågår.

Me skal grava og søka å få ordna problema som har vore med kloakkutslepp langs fjordstien ved Hofslund Fjord Hotel.

Parkeringsplassen framfor senteret kan brukast som vanleg, men ein kjem ikkje ut i Gravensteinsgata.

Arbeidet er venta å ta ei veke.

Arbeidet vert utført av Kveen AS som ein del av kontraktsarbeidet selskapet har med vegvesenet på å byggja ny gang- og sykkelsti langs Gravensteinsgata.

Kart som syner området der arbeidet skal gå føre seg.