- I byrjinga vart det litt venting på arbeidsoppgåver, men no ser me tilbake på den tida og tenkjer at me skulle visst kor travelt det vart, då hadde me kanskje ikkje trippa så mykje, seier dei to og ler.  

Elisabet har master i samfunnsøkonomi frå NHH og Ingrid har master i forretningsutvikling frå NTNU sin entreprenørskule. 

- Eigentleg skulle me berre ha ein trainee, men med mange gode kandidatar med spennande utdanningar og erfaring, valde me å tilsetja to, seier Joakim Systaddal som har leiaransvaret for dei to traineeane. Systaddal er kommunalsjef for samfunnsutvikling, innovasjon og digitalisering.

- Dei har vore fantastiske ressursar inn i prosjektarbeid, og har teke alle utfordringar på strak arm, fortset den tydeleg begeistra kommunalsjefen.  

- Har lært utruleg mykje

Me intervjuar traineeane då dei har nådd halvårsmerket for traineeåret.

- Korleis har det vore dei seks månadane de har vore her? 

- Me har lært utruleg mykje, fått delteke på mange spennande prosjekt og jobba med kjekke folk, seier Elisabet.

- Ja, det har vore mange tema der me har lært litt om mykje, vore utanfor komfortsona og kjend på meistringskjensla, supplerer Ingrid.

Begge er samde i at det som har vore blant det kjekkaste har vore å kjenna på at ein er ein del av noko større, og at dei får vera med på ei spennande utvikling i den framleis nye storkommunen.  

- Har det gått som forventa? 

- Eg tykkjer det er litt vanskeleg å svara på, for eg hadde ikkje så mange forventningar sidan stillinga var så open, seier Elisabet.

Ingrid er samd og seier at det har vore spennande å få vera med på å forma sin eigen arbeidskvardag og kva prosjekt ein deltek i.

- Me opplever begge to at det har vore rom for å komma med innspel, og at me har fått jobba med interessante tema som samfunnsutvikling og digitalisering. Me har kanskje blitt meir medvitne om kva som er våre interessefelt og kva me ønskjer å jobba med framover, seier Elisabet. 

- Positiv utvikling

- Korleis opplever de Sogndal kommune? 

- At det er ein kommune i endring med mykje positiv utvikling. Der me jobbar mest er det eit veldig ungt miljø med folk som er opne for samskaping og er nysgjerrige, seier Ingrid.

- Eg opplever at kommunen framleis ber preg av at den er relativt ny, og at mykje framleis er litt på startstreken, men det er veldig spennande å få vera med på utviklinga, svarar Elisabet.  

- I utgangspunktet skulle kommunen tilsetja ein trainee, men landa på to. Korleis har det vore? 

- Det har vore veldig kjekt å vera to, og eg trur det har vore ein styrke i at me har hatt nokon å kasta ball med, seier Ingrid.

Begge er samde i at det har vore ei kjempestøtte å vera ny saman med nokon, og at ein har hatt nokon å snakka med og reflektera saman med.  

- Me lærer mykje av kvarandre, og det er kjekt at me heiar på kvarandre. Og så har me jo begge fått ein ny ven, fortset Elisabet. 

- Kva er planen for dei neste seks månadane? 

- Å læra så mykje som mogleg, og å få med oss all erfaring me kan, seier dei i kor. 

Kva er ein trainee?

  • I Norge vert omgrepet trainee ofte nytta som ei beskriving av ein person med høgare utdanning, som vert tilsett i ei bedrift i ein viss periode (6 md.-2 år).
  • Traineeane får høve til å prøva seg i fleire oppgåver og rollar, samt vera innom avdelingar, tema og problemstillingar i ei bedrift.
  • Hensikta med traineeordninga er å gje kandidatane god og relevant arbeidserfaring gjennom ei heilskapleg forståing av bedrifta dei vert tilsett i. Den skal også letta overgangen får student til arbeidstakar gjennom tett oppfølging, samt personleg og fagleg utvikling. Ofte vil dei få ein rettleiar som er tilgjengeleg for spørsmål og støtte ved behov.