Konsultasjon/telefon frå pasient

  1. Legevaktsentralen prøver først å avklare på telefon
  2. Dersom pas. ikkje kan avklarast på telefon skal pas. ha tilbod om videokonsultasjon, alternativt telefonkonsultasjon
  3. Dersom pas. ikkje kan avklarast på video eller telefon med lege skal pas. ha time til undersøking. Legen avtalar dette direkte med pas. og gir beskjed til legevaktsentralen om avtalen slik at dei veit at legen ikkje blir tilgjengeleg på telefon før undersøkinga er ferdig. Nødnettsterminal plasserast i gangen utanfor akuttrom 2 slik at legen høyrer eventuelle oppkall og kan besvare desse når hanskar er tatt av og hendene sprita
  4. Vurderingar føregår på akuttrom 2. Pas. ventar ute i bil på parkeringsplassen eller i teltet viss dei kjem utan bil
  5. Pas. blir ringt opp på telefon av legen når legen er oppkledd i smittevernutstyr og er klar til å ta imot pas.
  6. Dersom det er vaksne pasientar er det kun pasienten som skal inn på akuttrommet. Dersom det er behov for følgje er det kun tillatt med ein følgjeperson
  7. Legen skal ta med alt av naudsynt utstyr inn på akuttrom 2 før undersøkinga startar
  8. Blodprøveglas og anna som skal takast ut av akuttrom 2 spritast med desinfeksjonsserviett og leggast i eit reint pussbekken og kan deretter takast med ut når hanskar er tatt av og hender sprita
  9. Når legen forlet akuttrom 2 skal hanskar takast av og hendene spritast
  10. Brukte hanskar leggjast i gul smitteboks som plasserast ved døra mellom akuttrom 2 og gangen
  11. Nye hanskar takast på i gangen umiddelbart etter at legen har gått ut av akuttrom 2
  12. Legen kan analysere prøvar, hente utstyr og dokumentere på PC på laben i smittebekledning forutsett at hanskane er reine og at kroppen ikkje er i kontakt med overflater som t.d. bord, vegger, dører o.a.
  13. Når pas. går skal legen gå over alle flater som har vore i kontakt med pas. med overflatedesinfeksjon. Dette gjeld også undersøkelsesutstyr.
  14. Dersom ein skal undersøkje fleire pas. etter kvarandre beheld ein maske/munnbind, augebeskyttelse og smittefrakk men skiftar hanskar og spritar hendene mellom pas.
  15. Etter siste pas. tek legen med seg gul smitteboks med gul sekk utanfor døra og tek av smitteutstyr, pakkar brukt utstyr i gul sekk, knyter sekken og legg gul sekk i svart sekk som bringast til miljøstasjonen via utsida av bygget.

Påkledning i gangen (sluse)

  1. Hugs å ta med nøkkelbrikke
  2. Ta på maske/munnbind og augebeskyttelse
  3. Ta på smittefrakk
  4. Ta på hanskar

Før ein tek pasient inn

  1. Sjekk at smittebekledninga er rett
  2. Ta med munnbind til pas. og svart søppelsekk
  3. Sjekk at alt nødvendig utstyr er på plass på akuttrom 2
a. BT-apparat
b. Pulsoksymeter
c. Termometer
d. Stetoskop
e. Otoskop
f. Utstyr til prøvetaking
g. Gul boks med gul sekk/svart sekk ved døra mellom akuttrom 2 og gangen

Etter undersøking

  1. Legen går over med alle flater som har vore i kontakt med pas. med overflatesprit. Dette gjeld også utstyr.
  2. Alt avfall kastast i gul sekk

Avkledning

  1. Ta med gul boks med gul/svart sekk og håndsprit til utgangsdøra
  2. Ta av hanskar og legg i gul sekk
  3. Håndsprit
  4. Ta av smittefrakk og legg i gul sekk
  5. Håndsprit
  6. Ta av briller og legg i gul boks i glaskarmen
  7. Håndsprit
  8. Ta av munnbind og legg i gul sekk
  9. Håndsprit
  10. Knyt gul sekk og legg i svart sekk og knyt sekken
  11. Håndsprit
  12. Ta med seg sekken (på utsida av bygget) til miljøstasjon og legg i restavfall
  13. Velkommen inn igjen – like rein og fin som før! :)