Hamnespy kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar. No treng Miljødirektoratet hjelpa di til å stoppa spreiinga av hamnespy.
Kva kan du gjera?
Det viktigaste er å sjekka båt og utstyr jamleg. Du bør òg botnsmørja båten med anti-fouling maling før du set han ut.
Har du fått hamnespy på båt eller utstyr? Fjern hamnespy ved å
- setja båt/utstyr på land i ei veke
- spyla eller skrapa botnen av båten/ utstyret.
- sørga for at begroing og spylevatn ikkje renn ut i sjøen
- plassera utstyr med begroing i ferskvatn i minst seks timar
Les meir om korleis du kan bidra til å stoppa spreiinga av hamnespy: Stopp spredning av havnespy - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)