Dei to siste veke har det vorte teke nær 1000 koronatestar i Sogndal kommune.

- At så mange har vorte testa, har gitt oss god oversikt over smittesituasjonen, særleg knytt til utbrotet på Kaupanger, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Kommunen har ikkje fått positive svar på koronatestar sidan 21. mars.

- Dei har gjort ein kjempejobb på Kaupanger, og dei tiltaka me har sett i verk, har fungert godt, seier Husabø.

10 personar har testa positivt på korona i utbrotet knytt til Kaupanger skule. I kommunen er det no 3 smitta som er isolerte, og 10 nærkontaktar er i karantene. Fleire av desse vil gå ut av isolasjon eller karantene når me går inn i påskehelga.

Det vil bli teke koronatestar i påsken ved behov.

 - Me tek langt færre prøvar no enn me har gjort den siste tida, men me er budde på at situasjonen kan endra seg, seier Husabø.

Viss smittesituasjonen held seg der han er no, vil skular og barnehagar opna att i tråd med dei nasjonale retningslinjene etter påske.

Sogndal kommune følgjer dei nasjonale råda og retningslinjene, som vart stramma inn før påske. Av desse går det fram at det ikkje er tilrådd med arrangement, og kommunale arrangement, som kino på Sogndal kulturhus, vil difor verta avlyst.

Sogndal kommunen har til no hatt totalt 65 koronasmitta i heile koronaperioden, 55 av desse bur i kommune, medan 10 er personar som er folkeregistrerte i Sogndal, men bur ein annan stad.

I videoen under informerer ordførar Arnstein Menes og smittevernlege Leiv Erik Husabø om situasjonen rundt korona i Sogndal kommune: