- Eg tykkjer det er stas å sjå regnbogeflagget vaia i vinden, og veit det er ei viktig markering av at Sogndal er for alle, seier varaordførar Vibeke Johnsen.

I fjor vart Pride-festivalen, ei feiring av skeiv kjærleik og mangfald, arrangert for første gong i Sogn og Fjordane fylke. Også i år vert Pride markert, men grunna situasjonen rundt korona, vert årets markering digital.

Pride 2020 blir markert i gamle Sogn og Fjordane fylke med flaggheising, videohelsing og eit livestreamshow 13. juni.

Til pridehelga er det også laga ein video med ei førelesing om skeiv historie i Sogn og Fjordane.

- Eg vonar mange får med seg SOFjo Pride digitalt. Sjølv hadde eg stor glede av Skeiv historie-førelesinga til Pål Berg Svenungsen, historikar her i Sogndal på Høgskulen på Vestlandet, seier Johnsen.

Pridekommunehus.jpgRegnbogeflagget ved kommunehuset i Sogndal.