Gapahuken er teikna og utforma av studentane, med bistand frå kommunen.

Gapahuken skal fundamenterast på ein tørrsteinsgrunnmur tilpassa terrenget. Utover tørrsteinsmuren kjem det meste av konstruksjonen over bakken til å lagast i tre, forutan nokre stålsøyler for å feste taket og eit steinbord. Bygget er tenkt som ein varig løysing, men konstruksjonen kan enkelt fjernast og området tilbakeførast til sin opphavelege form dersom det blir behov for det i framtida.

For å få frakta materiale frå parkeringa fram til byggeområdet vil det nyttast sekshjuling. I etterkant av byggeperioden vil traseen bli utbetra slik at fleire av innbyggjarane våre kan bruke gapahuken og området rundt.

Vi ber om at alle besøkande viser omsyn i byggeperioden. Utover dette håpar vi at alle nyttar friluftsområdet Røvhaugane som normalt.

Ein gapahuk med halvvegger og tak, under eit bord.