I denne episoden av Innsiktspraten har vi med oss Kathe Andersen, som ikkje klarer å stå imot ei utfordring og alltid vil lære seg nye ting. Ho trives i den nye måten å jobbe på i kommunen, både på godt og vondt. Vi diskuterer utfordringar rundt kommunikasjon og korleis vi kan påverke eigen arbeidskvardag for å rekruttere riktig kompetanse. Korleis kan vi som kommune lukkast med å nå ut og rekruttere verdifull kompetanse som bygda treng? Tune in for å få med deg dei gode tankane og ideane som kan gi eit nytt utgangspunkt for vidare rekruttering.
Kva betyr det eigentleg å vere ein kommune i dag? Kva utfordringar møter vi – og korleis kan vi tenkje nytt?
I podcasten til Sogndal kommune inviterer kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo deg med inn i samtalar han uansett ville hatt – men som no blir opne for alle. Her får du eit ærleg og nært innblikk i korleis kommunen jobbar, kva som rører seg i organisasjonen, og kva tankar som ligg bak dei vala vi tek.
Det kjem nye episodar kvar veke – so følg med!
Dette er ein podcast for deg som bur i kommunen, jobbar i kommunen, eller berre er nysgjerrig på korleis ein kommune fungerer i praksis. Vi håpar du vil lytte – og kanskje tenkje litt nytt saman med oss.